20. juni: Vi ønsker å gjøre forumet mer attraktivt for våre brukere. Vennligst kom med innspill til hvordan vi kan forbedre det! Se i forumkategorien Tilbakemeldinger / info for å gi din mening.

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Emner - lgrinde

Sider: [1] 2
1
Kamper / Fulham - Newcastle United
« på: 12. Mai 2019, 16:15 »
Sist kamp for sesongen. Howay the Lads!

2
St James Park
i kveld kl2045

Eg hoppar i det og gjer comeback i eit desperat forsøk på å snu vår ekstremt dårlege form! :-\

Everton kjem på besøk med ny manager. Ein gammal kjenning som går under kallenamnet Big Sam. Han er heilt sikkert veldig motivert for å øydeleggje for sin tidlegare klubb. Det har han og ein veldig god sjanse til no.
Dei har 2 seirar og 1 uavgjort på sine 3 siste og viser god for form. Everton har seks spelara ute med skade: Maarten Stekelenburg, Seamus Coleman, Ramiro Funes Mori, Leighton Baines, Ross Barkley og Yannick Bolasie.
Sannsynleg lag i kveld: Pickford; Kenny, Holgate, Williams, Martina; Rooney, Davies, Gueye, Sigurdsson; Calvert-Lewin, Niasse

Newcastle og Benitez sliter verkeleg om dagen. Det begynnar verkeleg å "brenna på dass". 1 seier på dei siste 11. 6 tap på dei siste 7.
Trur det beste er berre gløyma alt som har skjedd tidlegare i sesongen og skal skje vidare i sesongen. Einaste fokuset bør liggja på kampen i kveld og det å få spelt ein "perfekt" kamp.
Paul Dummett er framleis ikkje klar.
Sannsynleg lag i kveld: Darlow; Yedlin, Lascelles, Clark, Manquillo; Murphy, Shelvey, Merino, Atsu; Gayle, Joselu

Mitt forslag: Woodman; Yedlin, Clark, Lascelles, Mbemba; Aarons, Shelvey/Hayden, Merino, Atsu; Mitrovic, Gayle

Greier ikkje heilt bestemma meg om eg vil ha Hayden og Merino eller Shelvey og Merino.


HOWAY THE LADS


3

laurdag 4.november 16:00
St.James`Park

Må berre gløyma førre kamp og sjå framover. På laurdag kjem Bournemouth på besøk.
Viss me ikkje greier nå toppnivået vårt og vinna denne, so er det min siste kamptråd på ei stund.
Eg føler me har hatt god kontroll i dei fleste kampane til no, men feil og slurv har øydelagt mange kampar.

Spurs (H) 0-2: God kontroll 11 mot 11. Shelvey utvisning
Huddersfield (B) 1-0: Tett og jevn kamp. Sjansar til begge lag. Svakt forsvarspel let Moy skyta frå godt hald.
West Ham (H) 3-0: God kamp. Burde vel skåra fleire.
Swansea (B) 0-1: Tett og jevn kamp, men me har brukbar kontroll og ein del bra spel.
Stoke (H)2-1: Her burde me skåra minst 5 mål. Heldigvis vinner me.
Brighton (B)1-0: Tett og jevn kamp. Slepp dei altfor lett til. "Typisk 0-0 kamp" me taper for andre gong.
Liverpool (H)1-1: Kjempar Liverpool i senk, sjølv om dei har nokre store sjansar so greier me uavgjort. Kunne fort teke alle 3 poenga på slutten.
Southampton (B) 2-2: Burde vunne kampen. Lagar unødvendig straffe på 1-2 kort tid før slutt.
Crystal Palace (H)1-0: Dårleg kamp, men hevar oss på slutten og gjer akkurat nok til å vinna kampen.
Burnley (B) 1-0: Endå ein tett og jevn kamp. Typisk 0-0 eller der det laget som gjer ein feil taper. Me rotar det til nok ein gong i ein slik type kamp.

Tykkjer kvaliteten på spelet vårt har tapt seg veldig dei siste kampane. Tykkjer me i dei 5 første kampane var mykje meir positive her. Gode kontringar, innlegg og pasningar. Det sat bra og flyten i det var der. Det har ein sett lite av i det siste. Ekstremt mykje slurv.

Eg stolar sjølvsagt fullt og heilt på Benitez, men no må Joselu og Perez få seg ein pause. Håpar Merino er 100% klar og kan gå inn i posisjonen til Perez. So har me Shelvey og Hayden på midten. Mitro eller Gayle på topp.

Howay The Lads! ;)



4


Premier League
I dag, 21:00
Turf Moor, Burnle

Endeleg måndag!;) Beklagar litt sein kamptråd.

Preview her: http://newutd.no/preview-burnley-borte/

Bortekamp mot Burnley. Her bør me verkeleg visa oss frå ei betre sida enn kva me gjorde sist mot Palace. Sjølv om Palace var dyktige i å "ta oss ut", so tykkjer eg me hadde ein veldig svak kamp fram til siste 10-15 min av kampen. Eg har lyst til at me skal greia få til ein kamp med same intensitet og innsats, som me har fått under Benitez, og i tillegg få opp presisjonen på pasningsspelet vårt. Me har vist fleire gonger at me kan spela oss ut med smarte pasningar og få til veldig gode kontringar. Presisjon og enkeltprestasjon må nokre hakk opp!
Kjem Benitez til å starte med Joslu på topp eller får Mitro sjansen? Kva med Ayoze?  Startar Merino kampen på benken eller vil han få sjansen i ein 10ar-rolle? Lejune-Lascelles eller Clark-Lascelles?
Eg håpar på dette laget:

Elliot; Yedlin, Lascelles, Lejeune, Clark; Shelvey, Merino; Ritchie, Perez, Atsu; Mitro

Køyr diskusjon.

Howay the lads!

 

5
Premier League
I morgen, 16:00
St James', Newcastle upon Tyne

Velkomen til ny kamptråd. Spennande tider me lever i med Ashley sitt salg av klubben undervegs. Akkurat det brukar ikkje Benitez ein einaste kalori på. Reknar med han er kunn fokusert på kampen i morgon. Der me faktisk er favorittar. Og når me er klare favorittar pleiar me vel å skuffa litt. Hadde vore kjekt med ein «perfekt» heimekamp i morgon. Eg har av ein merkeleg grunn ein dårleg magefølelse og i kjent Paul Merson-stil spår eg uavgjort og kanskje eit tap faktisk. 1-1 eller 0-1.
Har lyst å sjå same laget som mot Liverpool. Og er einig i at Mitro evt kan få sjansen i staden for Joselu. Han må vertfall på benken. Er tydeleg at Benitez ikkje stolar heilt på han.

Start diskusjon og god helg!

HOWAY THE LADS :)

6



Premier League
I morgen, 17:30
St James', Newcastle upon Tyne

Velkomen til ny kamptråd. Av alle kampane me har spelt til no er vel denne den vanskelegaste. Er redd me kjem til å slita med spelara som Mane, Salah, Firmino og ikkje minst Coutinho! :D Pluss på Sturridge so har me nok ta tak i.  Sjølvsagt kan me få noko ut av kampen, men då må alle følga planen til Rafa 100%. Ingen feil og sjansane me får må setjast.
Når me ser på korleis Liverpool har slete mot lag som Watford, Palace og Burnley so bør me greie gi dei skikkeleg kamp i morgon. Dei har og sluppe inn ein del mål på bortebana.
Trur Benitez kjem til å forandra på laget frå førre kamp.

Kva med:

Elliot
Yedlin Lascelles (c) Clark Mbemba
Hayden Merino
Ritchie Shelvey Atsu
Mitrovic

Tippar me taper 0-2. Mane og Coutinho skårar. Og då har me brent nokre kjempesjanser og fått kontringer i mot etter me har hatt dødball.



7

Premier League
søn. 24. sep., 17:00
Falmer Stadium, Brighton


Velkomen til ny kamptråd, jenter og gutar! Sjølv om eg er på HV-øving må eg laga min 4. strake kamptråd ;) Er ikkje ofte ein skriv "etter 3 strake sigrar..." i PL samanheng, men no kan me utruleg nok det. Etter tre strake sigrar møter me Brighton borte på sundag. Tidlegare ville eg sagt at det er stor sjanse for skli på eit bananskal her, men med Benitez er me vorte eit sterkt bortelag. Hughton har tapt alle tre sine mot Benitez. Likavel trur eg dette verte ein tett kamp som verte vanskeleg å vinna. Kven kjem til å starta for oss? Køyr diskusjon.

Preview finn du her: http://newutd.no/preview-brighton-hove-albion/

Howay the lads!

8
Kamper / Stoke (Premier League) - 16.09.17, 16:00 - Sumo
« på: 15. Sep. 2017, 11:03 »
Newcastle mot Stoke
Premier League
I morgen, 16:00
St James', Newcastle upon Tyne

Ny heimekamp. Seier her hadde vore ekstremt deileg, men dei kjem ikkje av seg sjølv. Då må me halde nivået frå dei 2 føregåande kampane (+ første kamp før utvisninga). Benitez er tilbake på benken og det er bra.
Spent på om han gjer nokre endringar frå førre kamp. Kjem Shelvey inn på laget for eksempel?

Kva med dette laget:

   
   
                Elliot
Manquillo - Lascelles - Clark - Gamez
         Merino - Hayden
      Ritchie - Perez - Atsu
                Joselu

Hadde og vore spennande med Yedlin i staden for Manquillo og Shelvey i staden for Perez frå start.

Køyr diskusjon! ;)
Howay the Lads!

9
Premier League
søndag 10. september, 17:00
Liberty Stadium, Plasmarl

Endeleg PL-helg! Fekk streng beskjed om å oppretta ny kamptråd etter at min førre var so vellukka :)

Lat oss halde denne tråden fri for han godaste MA. Lat oss fokusera på vår geniale manager, som kanskje må stå øve kampen, og vårt hardtkjempande lag. Benitez er som kjent usikker sidan han ikkje er 100% prosent i form etter ein operasjon for brokk førre fredag. Kan vel ikkje sei me har so altfor mykje flaks.
Dette er vel det ein kan kalla ein open kamp. Sit dessverre med ei kjensla av at me taper knepent med 1 mål. Det er so typisk at nokon av Swansea sine nye avgjer og alle ekspertane kastar seg øve vårt elendige transfervindauga.
Håpar me greier ta med oss det positive frå førre kamp. Trygge bakøve og giftige framøve når sjansen byr seg. Då tek me alle 3 poenga. 

Lejeune og Yedlin er vel skadefrie. Mbemba er uaktuell. Ein mann ut etter dumskap, ein mann inn etter dumskap. Mitro og Shelvey byte rolla som lagets (IT) klovn.
Howay the Lads!

10
Premier League
I morgon, 16:00
St James' Park, Newcastle upon Tyne



Såg det vart etterlyst noko initiativ her. Eg tek sjansen og prøver meg!

Tykkjer sesongstarten vår vart øydelagt av skadane på Dummet og Lejeune og ikkje minst utvisninga av Shelvey. Mot Spurs trur eg at me hadde fått poeng hadde ikkje alt det der skjedd. Plutseleg var 3 ute til neste kamp mot Huddersfield og der føler eg at heile laget var eit stykke i frå toppnivået. På ein annan dag kunne me likevel fått med oss poeng eller ein heldig seier. Me må starta å setja sjansane våre, viss ikkje so vil me slite nede i botnen.

Ser jo faktisk ut som det er noko hold i det TooN sa om at me har vore brukbart defansive ;)
Frå fantasyfotballscout: "Elsewhere, Burnley and Newcastle’s defensive numbers are surprisingly impressive – they both rank in the top six for the fewest close-range efforts allowed." Om dette er rett eller fake news, veit eg ikkje.

Denne kampen er det fullt mogleg å vinna, men då må kvaliteten opp ein del hakk og me må starta skåra mål! ;)

Mogleg lagoppstilling;

Elliot
Manquillo Lejeune Lascelles (c) Clark
Merino Hayden
Ritchie Perez Aarons
Mitro


11
http://www.telegraph.co.uk/football/2016/09/27/sam-allardyce-loses-job-as-england-manager-after-telegraph-inves/

http://www.tv2.no/sport/8621198/

"Ifølge avisen har åtte nåværende og tidligere Premier League-managere tatt imot bestikkelser i forbindelse med kjøp av spillere. I tillegg er to managere i Championship-klubber trukket inn i saken. Hvilke managere og klubber det er snakk om, går Telegraph ikke ut med."

Bør me vera bekymra? :o  Kan Benitez ha nokon svin på skogen? Kjenner på meg at noko er i emning :-\

Ser nokon nemner at Monk og Warnock kan vera 2 av dei 8. Fotballen må jo vera noko av det mest korrupte "organisasjonen" som finst.

12
Kamper / Newcastle United - Arsenal 29/8 2015 kl1345
« på: 27. Aug. 2015, 14:29 »
               

Newcastle møter Arsenal på på laurdag. Kampen har tidleg avspark, kl1345. Ein liten optimisme er å spora hjå Toon Army. Lenge sidan sist! Er presisjonen på pasningane og utførelsen av den taktiske planen perfekt, so trur eg at me kan skapa store problem for Arsenal og ta sesongen sin fyrste seier. Forslag til lagoppstilling overlet eg til dykk andre.

Her er den rette oppvarminga før kampen. Nyt! Frå Newcastle United si offisielle Facebooksida (https://www.facebook.com/newcastleunited?fref=ts):
Advarar mot heftige frysningar!
https://video-arn2-1.xx.fbcdn.net/hvideo-xfl1/v/t42.1790-2/11971867_1071222046221374_1316119541_n.mp4?efg=eyJybHIiOjQ0NCwicmxhIjo3MzF9&rl=444&vabr=247&oh=adca9062afc7fc1d23983b6e45448113&oe=55DF2A4F

13
Kamper / Burnley - Newcastle United, 02.12.2014 kl2045
« på: 02. Des. 2014, 15:13 »
Burnley - Newcastle United

No kjem kampane tett. Og det passar oss særs dårleg då me har ekstremt mange ute med skade. Umogleg å vita kva lag me stiller med i kveld. Trur denne kampen er viktig for å dra med seg ein god følelse vidare i desember. Veldig viktig.

Ute med skade og suspendert:
Krul
Janmaat(kanskje) - Colo - Williamson(kanskje) - Haidara(kanskje)
Obertan/Raylor - Abeid - Colback(suspendert)- Santon
   De Jong - Sissoko(suspendert)
        Aarons


Hadde sett fram til alle kampane i desember hadde me hatt like få skadar som Chelsea(1!).

14
Kamper / Newcastle United - QPR, laurdag 22/11 kl1600.
« på: 21. Nov. 2014, 13:08 »
Newcastle United VS QPR
avspark kl1600 laurdag 22.11.2014


Endeleg er det Premier League-helg att. Me står med 5 strake seirar i alle konkurransar. QPR har tapt alle sine bortekampar i PL, men har spelt bra i det siste før pausen. Joey Barton skal vera skadefri og klar til kampen.
Me sliter veldig med skadar, spesielt i forsvaret. Davide Santon, Colo, Abeid, Siem De Jong, Obertan og Aarons er ute. S Taylor og Riviere er tvilsame. Kva lag vil me stille med? Kanskje dette:

Krul
Janmaat Williamson Dummett Haidara
Taylor (R) Sissoko (c) Colback
Cabella Perez Ameobi
Benk: Elliot Streete Anita Armstrong Gouffran Riviere Cisse

Her kan ein høyra kva Chronicle og Lee Ryder meinar om kampen:http://www.chroniclelive.co.uk/sport/football/football-news/newcastle-v-qpr-watch-lee-8144292

15
Reiser / Newcastle United - Blackpool, 10 april.
« på: 22. Mars 2010, 14:27 »
Skal til Newcastle 9-12 april, kamp på laurdagen. Gler meg ;D Andre som skal?

Sider: [1] 2