20. juni: Vi ønsker å gjøre forumet mer attraktivt for våre brukere. Vennligst kom med innspill til hvordan vi kan forbedre det! Se i forumkategorien Tilbakemeldinger / info for å gi din mening.

Skrevet av Emne: Newcastle - Charlton  (Lest 1730 ganger)

0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet.

Cutthroat

  • Supersub
  • ***
  • Innlegg: 276
    • Vis profil
Newcastle - Charlton
« på: 21. Feb. 2006, 22:34 »
I morgon er det klart for den utsatte kampen mellom Newcastle og Charlton på St. James' Park, ein kamp som går direkte på Canal+.

Tips: Newcastle - Charlton H (-1)
Odds: 3.25
Innsats: 200
Bookmaker: Unibet
Innleveringsfrist: 20:40

Newcastle har verkeleg kome seg etter at Graeme Souness endeleg fekk sparken, og har tre strake sigrar, og eg trur dei her får sin 4. strake, mot eit Charltonlag som etter ein god start har vore meir variable i prestasjonane den siste tida.

Newcastle har fått tilbake ein del av spelarane som har vore skada, men må klara seg utan Owen, Taylor og Moore som er skada, mens Babayaro sonar for rødt kort mot Aston Villa. Shearer og Dyer er begge med i troppen, men det er ikkje sikkert at dei spelar, Shearer med kjenningar av ein leggstrekk, og Dyer som manglar kampform, etter langvarig skade.
Men det skal nemnast at Dyer var god mot Southampton i helgas FA-Cup, og vart matchvinnar.

Tabellen før morgondagens kamp:
11 Everton 36
12 Charlton Athletic 33
13 Fulham 32
14 Newcastle United 32
15 Aston Villa 30
16 Middlesbrough 28

Det blir ein kamp mellom to lag som begge ligg lenger ned på tabellen enn dei nok hadde håpt før sesongen, kanskje spesielt for Newcastle sin del, men med seier vil Newcastle passere Charlton og innta 12. plassen.

Som sagt har Newcastle kome seg etter at Souness forsvann, og på dei fem siste har Newcastle 4-0-1 om ein tek med FA-Cupen. 5 siste heime har endt med 3-1-1, mens ein samla for heile sesongen har 7-4-2 på heimebane.

Charlton på si side har ein elendig bortestatistikk i det siste, med 2-1-2 på sine fem siste kampar, 1-1-3 på fem siste borte og 7-1-6 totalt på bortebane, men fem av desse seirane har kome mot dei fem nederste på tabellen.

Historisk har Newcastle eit godt tak på Charlton på St. James' Park, der dei har vunne 20 av 31 kampar. På dei fire siste ser resultata slik ut:

2005-02-05 Newcastle United - Charlton Athletic 1-1
2004-10-17 Charlton Athletic - Newcastle United 1-1
2004-03-20 Newcastle United - Charlton Athletic 3-1
2003-12-20 Charlton Athletic - Newcastle United 0-0

Har trua på at Newcastle fortset framgangen, mens Charlton endå ikkje får det til på bortebane. 2-0 eller 3-0 ser eg på sannsynlege resultat om ein vil spela på resultat. Oddsen på desse resultat er henholdsvis 7.5 for 2-0 og 14 for 3-0. Oddsen for H er akkurat no 1.8, trur den kjem til å gå ned når det nærmar seg kampstart. All odds er henta frå Unibet, veit ikkje kor høg/lav den er på andre bookmakerar.

Kom gjerne med kommentarar/innspel;)

André S

  • Kaptein
  • *****
  • Innlegg: 3214
    • Vis profil
Newcastle - Charlton
« Svar #1 på: 21. Feb. 2006, 22:55 »
Synes ikke den der er så veldig sikker. Skal du satse pengene dine på Newcastle bør du ikke spille med handicap. Synes det er en viss u-fare her, men håper selvsagt på H :)

Cutthroat

  • Supersub
  • ***
  • Innlegg: 276
    • Vis profil
Newcastle - Charlton
« Svar #2 på: 21. Feb. 2006, 23:06 »
Er nok ein viss fare for U, men magekjensla er god for tipset mitt...so no gjenstår det å sjå om det stemmer, eller om eg berra har luft i magen:P

Andy

  • NewUtd.no
  • Kaptein
  • *****
  • Innlegg: 4437
    • Vis profil
Newcastle - Charlton
« Svar #3 på: 22. Feb. 2006, 15:24 »
off, tør ikke satse på 2 måls seier til newcastle as...