laurdag 4.november 16:00
St.James`Park
Må berre gløyma førre kamp og sjå framover. På laurdag kjem Bournemouth på besøk.
Viss me ikkje greier nå toppnivået vårt og vinna denne, so er det min siste kamptråd på ei stund.
Eg føler me har hatt god kontroll i dei fleste kampane til no, men feil og slurv har øydelagt mange kampar.
Spurs (H) 0-2: God kontroll 11 mot 11. Shelvey utvisning
Huddersfield (B) 1-0: Tett og jevn kamp. Sjansar til begge lag. Svakt forsvarspel let Moy skyta frå godt hald.
West Ham (H) 3-0: God kamp. Burde vel skåra fleire.
Swansea (B) 0-1: Tett og jevn kamp, men me har brukbar kontroll og ein del bra spel.
Stoke (H)2-1: Her burde me skåra minst 5 mål. Heldigvis vinner me.
Brighton (B)1-0: Tett og jevn kamp. Slepp dei altfor lett til. "Typisk 0-0 kamp" me taper for andre gong.
Liverpool (H)1-1: Kjempar Liverpool i senk, sjølv om dei har nokre store sjansar so greier me uavgjort. Kunne fort teke alle 3 poenga på slutten.
Southampton (B) 2-2: Burde vunne kampen. Lagar unødvendig straffe på 1-2 kort tid før slutt.
Crystal Palace (H)1-0: Dårleg kamp, men hevar oss på slutten og gjer akkurat nok til å vinna kampen.
Burnley (B) 1-0: Endå ein tett og jevn kamp. Typisk 0-0 eller der det laget som gjer ein feil taper. Me rotar det til nok ein gong i ein slik type kamp.
Tykkjer kvaliteten på spelet vårt har tapt seg veldig dei siste kampane. Tykkjer me i dei 5 første kampane var mykje meir positive her. Gode kontringar, innlegg og pasningar. Det sat bra og flyten i det var der. Det har ein sett lite av i det siste. Ekstremt mykje slurv.
Eg stolar sjølvsagt fullt og heilt på Benitez, men no må Joselu og Perez få seg ein pause. Håpar Merino er 100% klar og kan gå inn i posisjonen til Perez. So har me Shelvey og Hayden på midten. Mitro eller Gayle på topp.
Howay The Lads!